Urtete med ein frisk smak av ville vekster frå Bøverdalen i Lom! Med smak av bjørkeblad frå fjellet.
Ingrediensar, alle økologiske: bjørkeblad, kvannrot, blåbær, raudkløver
Solvendt under Lomseggen finn du garden Nordgard Aukrust med solbrune tømmerhus. Her har dei i 25 år dreve med urteforedling, og drifta har vore økologisk godkjent sidan 1986, dei driv òg bio-dynamisk med Demeter-godkjenning, det strengaste av alle økologiske merker. Dei har eit stort utval av krydder, urteblandingar og urtete.